Om oss

 Diverse salg

 Huset vårt

 Hunden vår

 Turmulegheiter

 Hobbyar Arnold

 Hobbyar Evy

 Kyrkjetekstilar Skodje

 Kart

 Lenker

 Kontakt oss

EvyOgArnold
Kyrkjetekstilar i Skodje kyrkje
Evy har engasjert seg i å skaffe nye kyrkjetekstilar til kyrkja vår, etter oppmoding frå dåverande soknerådsleiar Arnstein Sætre. Prosjekt varte frå 2000 til 2010. Først vart det brodert ny altarduk. Seinare har det vore arbeidd med å skaffe messehakel, stola og lesepultklede. Dei siste åra, medan Geir Lorentzen var kyrkjeverje i Skodje, var også han aktivt med. Kyrkjetekstilane vart finansiert med innsamla midlar, noko som viser at folket i Skodje set stor pris på å få tak i desse tekstilane.

Evy leia kyrkjetekstilutvalet alle åra. Elles har Anne Lise Aure Lécot vore med heile tida. Frå 2007 erstatta Randi Øie Leif Sæther, som gjekk ut. Kåre Beite og Einy Midsund har også vore med i tidlegare år.
Klikk for stort bilde
Kyrkjetekstilane i Skodje kyrkje
Kyrkjetekstilane i mange av kyrkjene våre er for store og små kunstskattar å rekne. Ikkje alt har like stor verdi, men enkelte tekstilar er fantastiske kunstverk, oftast utført av dyktige kvinnehender. Kanskje har vi ikkje hatt nok syn for å ta vare på denne delen av kulturhistoria vår? I anledning 150-årsjubileet for Skodje kyrkje ynskjer vi å ta fram i lyset alle tekstilane som vi har i kyrkja vår.

Dette er innleiinga til ein serie skriven av Evy Aston Eikrem i samband med kyrkjejubileet i 2010.


Tekst: Evy Aston Eikrem
Foto: Arnold Hoddevik
Fotoet av Ottar Nevstad og Evy Aston Eikrem: Frode Kleiveland, Sunnmørsposten
Litteraturhenvising: Kirketekstilenes bakgrunn og bruk, Teologisk Fakultet, Universitetet i Oslo

  ALTERDUKANE
Den eldste alterduken vi finn, er ein nydelig hekla alterduk laga av tynn bomullstråd
  Den vart hekla av Nikoline Henriette Stette f. 1898-1973. Ho vaks opp på Lundheim på Stette, og var dotter til Berte Nikoline Johansdtr. Stette og Ole Petter Stette f. Valdal, som tok namnet til kona ved giftarmålet i 1895. (Frå bygdeboka) Vi veit ikkje årstalet for då den hekla duken vart tatt i bruk i Skodje kyrkje, men vi veit at ein alterduk som er svært lik vår, vart laga i 1934 til Søre Midøy kyrkje. Dei hekla motiva viser Maria med barnet, englar med lys og felt med store kors. Englar er eit tema for ei heil bok i seg sjølv, og korset som symbol kjenner vi alle. Lyset som englane ber, peiker truleg på at Han, Jesusbarnet, er verda sitt ljos, som skal frelse menneska frå fortapinga sitt mørke og leie dei til det evige livet. Blomane og blada som er brukt i mønsteret på duken, er truleg liljer. I kyrkjekunsten vert ofte Jesu mor, Maria, framstilt saman med kvite liljer. I den samanheng er liljene symbolet for reinleik, og understrekar at ho var jomfru.

Den alterduken vi fekk etter dette, vart tatt i bruk i 1955. Duken har eit motiv på midten av det sigrande Lammet med fana, som er eit symbol på Jesus Kristus. Jesus sigra ved sin død på korset, fordi han stod opp frå dei døde og skal sigre over all vondskap ved verda sin ende. Dei andre motiva på duken er ein kalk, som er eit kjent symbol for nattverden, og korset. Kors og kalk er som de ser på bilete, brukt som rapport resten av lengda på duken. Mellom kvart motiv er det ei stjerne. Stjerna leier lettast våre tankar til julestjerna. Den står for Guds leiing og velvilje. Den leia vismennene på leiting etter ein ny konge. I den kristne julesymbolikken, er stjerna over Betlehem også blitt tolka som eit bilete på Guds ord. (Eit anna døme: Tre stjerner sett saman på himmelen, er eit treeinigheitssymbol.)

Alterduken frå 1955 er av tynn lin, og broderiet er utført i venetiansk saum. Den vart sydd av Petrine Ekroll (f.1898) frå Engesetdalen, og var ei gåve frå Husmorlaget i Skodje. Petrine budde som vaksen i huset rett ovanfor barneskulen i Engesetdalen. Den same alterduken finn vi også, som ein av fleire, i kyrkjene på Aukra, Aure, Eide på Nordmøre, Rovde og i Nordre Bjørnsund Bedehuskapell (1951). Ein alterduk som har dei same motiva, men har enda meir broderi oppover duken, finn vi i Gursken kyrkje.

Den 28.05.98 gjorde soknerådet vedtak om å skaffe ny alterduk lik kopi av den gamle i venetiansk saum. Underteikna (Evy) tok til med eit utgreiingsarbeid, og teikna m.a. av mønsteret på alterduken og overførte det til ny bunadsskjortelin. Etter råd frå kyrkjetekstilutvalet for Biskopen i Møre v/Solveig Skeie Vinnes, vart stjerna mellom motiva bytta ut med ein kløver. Dette for å gjere duken sterkare i bruk. Vi etterlyste i Bygdebladet nokon til å brodere alterduken. Vi var heldige og fekk svar. Judith Slyngstad (f.12/3-1926) på Grytastranda tok på seg det store arbeidet å sy den nye alterduken. Arbeidet gjorde ho til og med gratis. Ho var født Engeset og vaks opp i Engesetdalen. Judith gjorde eit nydeleg broderingsarbeid, som i arbeidstimar var eit storarbeid. Ho tykte det var ei glede og ei ære å få gjere dette til si barndoms kyrkje, sa ho. Duken vart tatt i bruk den 12. november 2000

For dei som har særleg interesse for alterdukar, kan eg nemne at det i 2008 vart gjort eit stort innsamlingsarbeid med bilete av 235 alterdukar frå heile Møre bispedøme. Kyrkjekontora vart bedne om å sende inn bilete og opplysningar om dei gamle og nye alterdukane som finst i kyrkjer og kapell. Alt dette er no samla og gitt ut på ein CD og eit nydeleg hefte. Det har tittelen: «Alterdukane – gløymde kunstskattar?» Prosjektleiar har vore Målfrid Nordhaug, med støtte av Inge Morten Haarstad. CD og heftet kan kjøpast av alle på Møre bispedømekontor. E-post: moere.bdr@kirken.no Det er også lagt ut for sal på Bok og Media i Molde.

MESSEHAKLER, STOLAER OG LESEPULTKLEDER.

Kva tyder orda messehakel, stola og lesepultklede, og kva er dei liturgiske fargane?

Messehakel er ein nattverds- og festskrud som presten brukar utanpå albaen (prestekjolen). Den skal brukast av presten på høgtidsdagar, som t.d. 1. påskedag (kvit farge). Messehakelen vert òg brukt under prosesjon og ved altertenester som nattverd, konfirmasjon, kyrkjejubileum og liknande, unnateke på preikestolen. Fargane følgjer dei liturgiske fargane i kyrkjeåret.


Stola er eit farga band, 8 – 12 cm breit, som vert lagt bak nakken og heng ned framme utanpå prestekjolen. Her er eit eksempel kombinert med belte (singulum). Stolaen er eit embetsteikn, og symboliserer at brukaren innehar Ordets embete. Stolaen er eit symbol på å gå inn under Kristi åk (Matt.11,20) I Matt.16,24 seier Jesus:«Den som vil følgje meg, må fornekte seg sjølv, ta korset sitt opp og følgje meg.» Stolaen bør ha eit kors eller chi rho i nakken.

Lesepultkledet heng i framkant av lesebrettet på preikestolen, eller på lesepulten som prest, klokker og andre bruker framme i koret på kyrkja. Antependiet er eit alterklede som heng ned på framsida av alteret. Det er oftast i ein av dei liturgiske fargane, og står i stil med messehaklane og dei andre kyrkjetekstilane. Ordet antependium kjem av det latinske ordet «ante» (framfor) og «pendium» som tyder forheng. Skodje kyrkje har ikkje antependium, fordi heile alteret er trekt med raud fløyel. Under fløyelen har alteret fine profilar/fyllingar som er malt med ådremaling. Liturgiske farger: I 1969 vart dei liturgiske fargane kvit, grøn, lilla og raud innført i Norge. Bakerst i denne bolken om kyrkjetekstilar, vil du finne ein sirkel med oversikt over fargane i kyrkjeåret.

Gammal brun messehakel med sølvkors.

I kyrkja har vi ein svært gammal, brun messehakel. Kan hende har den ein gong vore svart. Ein langfredagsmessehakel? Vi har diverre ingen registrerte opplysningar om den. Ut i frå utsjånaden og slitasjen, er det grunn til å tru at den brune messehakelen er vesentleg eldre enn den raude med stort gullkors. Den er laga av fløyel og pynta med sølvfarga band. Det store sølvkorset er laga av breie sølvband som er vevd av ca 2mm breie, stive, flate metalltrådar.

Gammal raud messehakel med gullkors

Den raude messehakelen har vore i bruk heilt fram til dei seinare åra. Eg kan sjølv hugse frå barndommen kor staseleg eg synes at presten Buhaug var i den raude messehakelen, med tilhøyrande pipekrage. Den er laga av fløyel og pynta med gullfarga silkeband.

For å gjere eit forsøk på tidfesting av dei gamle messehaklane, kan vi sjå litt på historikken for prestekleda:

Ordet messehakel har vi frå det norrøne hakul, som tyder kappe. Messehakelen har sitt opphav frå antikken, og var ein del av den romerske drakta. Den har endra form gjennom tidene. Opprinnelig var den eit ytterplagg som berre hadde opning til hovudet og omgav kroppen, av dette navnet casula, som på latin betyr lite telt. Seinare vart bruken av den innskrenka til berre å gjelde gudstenesta. Messehakelen fekk tidleg tydinga som kjærleiken sin kledning. Berre prestar og biskopar kunne bruke den. Kunsthistorikar Gunnar Danbolt har sagt dette: «Når biskop, prest og diakon tar av seg sine hverdagslige klær, rister de også symbolsk av seg sitt gamle jeg – og når de fremstår i de liturgiske klærne, er det Kristus de har ikledd seg.»

Messehakelen var opprinnelig utan noko form for mønster, men vakre stoff var i seg sjølv nok. Frå 1100-tallet har messehakelen oftast vore pryda av eit kors, men også med andre symbol.

Både den raude og den brune messehakelen i Skodje kyrkje er typiske representantar for dei såkalla «etter-reformatoriske messehaklane»:

Veldig mange kyrkjer hadde liknande typar messehaklar, og dei var vanlege frå slutten av 1700-talet til midten av 1800-talet, og eksisterer framleis som dei mest brukte heilt fram til midt ut på 1900-talet. I den protestantiske kyrkja, og i alle høve i Den norske kyrkja, var det slik ein messehakel skulle sjå ut. Men når og kvar våre to messehaklar er laga, er ikkje lett å finne ut, spesielt den brune. Dei kan vere laga i Noreg, England, Sverige, Danmark og Tyskland.

Norskdomsrørsla på byrjinga av 1900-talet gjorde at ein vart oppteken av å skaffe norske tekstilar til kyrkjene. Tidlegare vart ikkje det heimelaga sett på som fint nok til å bruke i kyrkja. No gjekk ein i større grad bort frå det eksklusive fløyel og silke til det meir jordnære, ull og lin.

Den eldste brune messehakelen vår kan vere over 100 år gammal, sett ut i frå tilstanden av tekstilet, men vi har ingen konkrete opplysningar, så den kan vere yngre. Den raude messehakelen er vesentleg yngre, men nokså sikkert skaffa før 1950. Den er i ganske god stand, sjølv om den har vore mykje brukt. Den raude er masseprodusert etter den gong si tyding av ordet. Det veit vi fordi liknande messehaklar har vore og er delvis i bruk i andre kyrkjer i Møre bispedøme. Når det gjeld den brune, er eg meir usikker på om den er masseprodusert. Den kan vere norsk, men den kan også vere ein type som er laga i fleire eksemplar i t.d. verkstader rundt i Europa. Vi veit til dømes at fleire kloster rundt i Europa arbeidde på denne måten for lutherske kyrkjer.

Dei fleste messehaklane var raude heilt fram til 1969, då dei liturgiske fargane vart innførte. Etter den tid vart det bruk for kyrkjetekstilar i fleire fargar. Det var først frå ca 1960 at det vart lagt vekt på at tekstilane skulle tilpassast kyrkjerommet i kvar einskild kyrkje, også slik at dei fungerer saman med fargane som er der frå før.

Ei verksemd som er kjent for å vere meir kunstnarbasert, er t.d. kyrkjetekstilateliéet Paramentik, v/ Ruth Arnestad Lødrup i Oslo. Ho har teikna mange messehaklar for Dnk (Den norske kyrkja), men då som unike messehaklar.

Men «modelltenkinga» der ein kunstnar teiknar messehaklar som deretter vert sydd og brodert som masseproduksjon, var noko også den Den norske husfliden (DnH) brukte, jf den grøne messehakelen vår frå husfliden i Bergen (1977). Den er tydleg designa av ein kunstnar. DnH var den største kyrkjetekstilverkstaden i Noreg utover 30-talet, heilt fram til 1980-talet.

Ein annan viktig verkstad var Den kvindelige Industriskolen i Oslo (seinare Statens lærarskole i forming), som hadde eigen kyrkjetekstilverkstad. Enkelte lærarar var kunstnarar som designa tekstilane, og elevane sydde dei deretter under rettleiing. Denne verkstaden vart også nedlagt på 1980-talet.

Eldre grøn messehakel

I kyrkja har vi ein eldre grøn messehakel. Eit brev i arkivet på kyrkjekontoret, viser at Husfliden i Bergen sendte den som særpakke 21.11.1977. Dei la ved ein nota på kr. 4.006,60, og adresserte brevet til Skodje kommune v/Skodje sokneråd og Johannes Ludvigsen. Messehakelen er forholdsvis liten i størrelse, den går berre ut på skuldrane i breidde. Som bilete syner, er Y-korset hovudsymbolet på baksida. Det er eit sigerssymbol, Guds gåve til menneska. Kunstnaren har tydleg også assosiert Y-korset med forma på ein trestamme, der greiner med vinblad og druer slyngjer seg oppover. Vintreet var eit kjent symbol på Kristus i oldkyrkja. Jf. kva Jesus seier i Joh. 15,5. Ettersom greinene på vintreet vert samanlikna med dei truande, kan dette symbolet også vere eit bilete på kyrkja, den kristne forsamlinga. I nyare tid vert teiknet også tolka som bilete på vår avhengigheit til Kristus. Når det gjeld vindruer som symbol, vert det forklart under avsnittet om den grøne nye stolaen. Elles må det seiast at denne messehakelen er svært fint brodert, blada i plattsøm med fyll, vidare er det brukt kjedesting, stilkesting og druene er sydd med knutesting. Framsida av messehakelen viser eit kristusmonogram eller kristogram. Bokstavane X og P er sett oppå kvarandre. Chi og Rho, dei to første bokstavane i ordet Kristus på gresk. Det tyder det same som Messias på hebraisk = den som er salva
Klikk for stort bilde
Dei nyaste kyrkjetekstilane våre, frå åra 2002, 2004, 2007 og 2008:
Eit utval for kyrkjetekstilar og innvendig oppussing av kyrkja vart oppretta i år 2000 (Soknerådet Sak 5/2000 – 17.februar). Arbeidet til utvalet var å skaffe ny alterduk, messehakel, stola og lesepultklede i dei fire liturgiske fargane kvit, grøn, lilla og raud. Utvalet fekk også i oppdrag å setje opp ein plan for å få gjennomført vedlikehald og oppussing av kyrkja fram mot jubileumsåret 2010. Kommunen, målarmeister Kjell Arne Årseth og Riksantikvaren vart kontakta av utvalsleiar v/underteikna, og «snøballen byrja rulle». Meir om dette andre stader i boka. På grunn av stor arbeidsmengde, vart utvalet delt i to frå 1. februar 2002, slik at kyrkjetekstilane fekk eige utval, og oppussing av kyrkja eit utval. Det siste utvalet vart i praksis dåverande kyrkjeverge Geir Lorentzen, som i samarbeid med soknerådet har gjort ein svært god jobb med å drive fram nye tiltak for oppussing og vedlikehald av kyrkja, både utvendig og innvendig. Då Geir slutta i 2008, tok Arnstein Sætre over oppfølginga av sakene.

For å skaffe midlar til kyrkjetekstilane, vart ein særskilt kyrkjetekstilkonto oppretta i banken, og ein giro vart sendt rundt i kommunen til alle postkasser. Dette vart gjort ein gong for året i 11 år, frå 1998 t.o.m. 2008. I tillegg kom pengar frå nokre offer i kyrkja og delar av ei basarinntekt. Kyrkjetekstilane er såleis finansiert berre av innsamla gåver.

Etter ein lengre prosess i 2000, der fleire kunstnarar vart kontakta, gjorde soknerådet den 23.11.2000 samstemd vedtak om at kunstnaren Olav Ryan i Danmark, skulle få oppdraget med å lage ny kvit messehakel, stola og lesepultklede til Skodje kyrkje. Ryan leigde Lisbeth Bunes Johannessen til å veve botnstoffet og Ingrid Birkelund til å utføre saum og broderi. Begge damene bor i Tromsø

Olav Ryan vart fødd 26.06.1951 i Sandnessjøen. Han vaks opp i Karasjok. Han er utdanna lærer (1974), og har grunnfag i kristendom (1979), mediekunnskap DH (1990) og kunsthistorie frå Univ. (1991) Han har arbeidd som lærer i mange år, og i fleire år arbeidde han også med museumsarbeid, formgjeving, og som kunstnar i Tromsø. Han har hatt fleire oppdrag som utstillingsformgjevar, og han er innkjøpt av Riksgalleriet og andre galleri, samt av kommunar og til fleire offentlege bygg. Han har delteke på kollektivutstillingar med akvareller og maleri, og har utstillingar bak seg, særlig nord i landet vårt og i Danmark. Utsmykkingane til kyrkjer, kapell og kyrkjelydshus er mange, enten i form av bilete eller tekstilar. Vi finn dei i for eksempel: Grønnåsen kirke, Kroken Interimskirke, Lakselvbukt Kapell, Yttern Kirke, Moskenes kirke, Bentsjord kapell, Tromøysund menighetshus (tredelt alterbilde), Lillestrøm kirke, Elverhøy kirke, Moskenes kirke, Alta kyrkje og Tromsdalen kirke. Det mest kjende er kanskje det siste, for han laga alle kyrkjetekstilane i dei fire liturgiske fargene til «Ishavskatedralen». Det vert for omfattande å gå i detaljer om alt. Mor til Olav Ryan, Åse Ryan, bur i Alta og er også tekstilkunstnar samt forfattar av boka «Det kommer en dag», som er eit stykke Finnmarkshistorie. Den eldste dottera hans, Maria, har også kunstutdanning, så kunstnartalenta har gått i arv.

Generelt om alle dei fire nye messehaklane:

Alle dei fire messehaklane har beslekta linjer: Kunstnaren gir uttrykk for at søylene i koropninga på kyrkja, gir klangbotn for den søyla som er på alle bakstykka av messehaklane. Søyla på bakstykka står som ein tredelt fot som opnar seg oppover mot ryggstykket sin topp. Linjeføringa i «korsarmane» er også den samme på alle bakstykka. Dei ulike kryssende formelementa, som er forskjellig uttrykt på dei fire messehaklane, gir likevel eit samla inntrykk av ei korsform. Alle tekstilane har kvar sitt kristogram med tilknyting til tradisjonen i kyrkjekunsten. Framstykka har alle ein gjennomgåande stolpe med eit symbol, som gir ei avspegling av baksida til messehakelen. Forstoffet som er brukt inni messehaklane, er hovudfargen til søyleforma på ryggstykket og stolpen i heil høgd framme. Dette er med å gi heilskap og samanheng mellom dei fire forskjellige setta av kvit, lilla, grøn og raud messehakel. Sett bort ifrå dette, har som bilda av tekstilane syner, kvart enkelt sett fått si individuelle utforming. Alle botnstoffa er vevd på ei renning av bomullstråd, med innslag av ullgarn, lin og silke. Applikasjonane er i hovudsak av ekte silkestoff og litt kunstsilke.
  DEI KVITE TEKSTILANE, messehakel, stola og lesepultklede:
Dei kvite tekstilane, messehakel, stola og lesepultklede, vart tatt i bruk i Skodje kyrkje første gong den 3. november 2002.

Kvitt vert brukt julaftan, 1. juledag, tida rundt nyttår, Maria bodskapsdag, dagane frå og med påskeaftan og alle søndagar fram mot pinse, og allehelgensdag. Kvitt vert også brukt ved festlege arrangement og til bryllaup.

Symbola som er brukt i kyrkjetekstilane:

Om symbolbruken i dei kvite tekstilane seier kunstnaren Olav Ryan m.a. følgjande: Eg hentar ut enkelte setningar/utdrag frå breva han sjølv har skrive om tekstilane. Det er skrive på bokmål og vert merka med «hermeteikn» i all tekst heretter.

«Jeg vil gjøre det særdeles tydelig at tekstilene som skal utsmykke kirken og være en aktiv del av kirkens handlingar, skal gjenspeile vår tid. Derfor er jeg meget beskjeden m.h.t. å ta hensyn til eksisterende kunstneriske uttrykk. Jeg velger å føre videre noe av linjene i kirkens arkitektur, og i den hvite messehakelens tilfelle, plante inn et symbol som passer til den hvite fargen i kirkeåret.»

«…..På vegne av menigheten vender presten seg til Gud. På messehakelens ryggstykke vil jeg se hva vi sammen tror på og bekjenner: Korset, seierstegnet kan være samlende for det hele. Det kan også være et tegn, et annet symbol, som støtter opp under den for øyeblikket gjeldende liturgiske farge. Kombinasjoner av symboler er også mulig.

Når presten henvender seg mot menigheten, ser en messehaklens forstykke. Slik er presten Guds stedfortreder. Et Kristustegn er hva vi skal se.» osv.

Klikk for stort bilde
Kvit messehakel – bakside
«Bakstykkets hovedmotiv er ROSEN:. Dette skal være gledens festskrud. Størsteparten av oppmerksomheten skal fanges inn mot den femflikete rosen. (Den finnes avbildet på den gamle altertavlens fire søyler.) Noen kaller den for den himmelske blomst. Det er en blomst/rose som skal vise at troen gir glede, trøst og fred. Det er en rose i åndens og englenes farge. I rosens sentrum er sømmene røde. Det er Jesu blod og er fargen for hjerte og hengivenhet.

Rosen står i et blåttbrodert himmelfarget felt. Gleden NÅ er en begynnelse til den himmelske glede. Rosenbladene legges i gylne gullhvite farger. Begerblader i grønt. Vekst og liv.»

Søyle: ......«Jeg har tatt utgangspunkt i kirkens søyleform, som en bærende stolpe i ryggstykket...»

Korsform: «De løse linjene må gjerne forbindes med vannets bølgninger, til vekster som strekker seg ut etter feste, eller som lysstråler. Disse formene skal på avstand nesten ikke sees…» osv.

Klikk for stort bilde
Kvit messehakel – framside
«Her vil jeg foreslå at symbolbokstavene Alfa og Omega blir brukt. Begynnelsen og enden. » Deretter skriv Ryan ein del om farge- og stoffvala han vil gjere, men vi let biletet tale.
Klikk for stort bilde
Kvit stola
«En tradisjonell knelang stola, 11 cm bred. Spiss i nakken. Kristus/korsmonogram påbrodert i gull.»

……«På den ene siden av stolaen står kongekronen sentralt. På den andre siden stjernen. Kongekronen: Henspeiler på påsken hvor Kristus feires som konge. Stjernen: Viser til julens budskap; Kristus som ledestjerne. Begge symbolene er satt inn i en palmegren/bladform: Folket hyller Kristus.» …osv. (Deretter skriv Ryan korleis broderi og farge- / stoffval er tenkt utført.)

Klikk for stort bilde
Kvitt lesepultklede
«Symbolene Alfa og Omega står sentralt her, som på messehakelen. Dette er budskapet som leses opp fra lesepulten: Gud er alt. En oppslått bok viser til Bibelen som vår kraftkilde. Strålene i korsformen fører tanken til vann og lys. Det er linjer i bevegelse. Guds ord er ikke statisk. Det er stadig utviklende og nyskapende. De tre øvre linjene danner også ildsymbolet, de tre flammer. Palmebladene/grenene henter sin næring i Bibelen: Tilbedelsen av Kristus er ikkje noe i seg selv uten Ordet.»
  DEI LILLA TEKSTILANE, messehakel, stola og lesepultklede:
Dei lilla tekstilane messehakel, stola og lesepultklede, vart første gong brukt i Skodje kyrkje den 31.10.2004. Den lilla fargen vert brukt i adventstida, askeonsdag, søndagane i fasta og palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag, seinare på bots- og bededag, samt ved alle gravferder. Tekstilane sine symbol må difor seie noko om desse ulike bruksområda.
Klikk for stort bilde
Lilla messehakel – bakside
Utdrag av kva Olav Ryan skriv om dette: «Jeg har forsøkt å etterfølge kravet om at det i de lilla tekstilene skal være bruk av sølvfarge i farvesettingen av noen symboler…..»

Korset: «Korsformen har den bølgene formen som i de hvite tekstilene. Linjeføringen er forskjellig fra tidligere, men hensikten er den samme som før. Linjene er som levende vann, det livgivende gjennom dåpen, og som Helligånden i duens vingeform….»

Ild: «Ser en tekstilet på avstand, vil ilden være iøyenfallende. Ilden er det lys som skinner i mørket. Symbolet hører hjemme i adventstiden. De tre flammer symboliserer også treenigheten. Ilden er også symbol på Helligånden. ..»

Tornekrone: «Tornekronen knyttes til påskens budskap. Vi kjenner den fra lidelsesfortellingen, hvor den er en del av den fornedring Jesus utsettes for. Den er ment som en synliggjøring av påført smerte, den smerte Jesus bærer for sine barn. At den flettes sammen til en krone, retter oppmerksomheten på at Jesus fremstilles og korsfestes som Jødenes Konge. Som en legger merke til, er ikkje formen tegnet slik vi normalt finner den uttrykt i kirkekunsten. Det er ikke en lukket, men en åpen form. Med dette vil jeg uttrykke, at oppstandelsen er overordnet lidelsen. Tornegrenene nærmest eksploderer , og er på vei til å legge seg til rette blant de flytende levende korslinjene. De er også som en strålerefleks fra det lys som brenner i korsformens midte, den kraft som bor i en levende tro på en treenig Gud.»

Nagler: «Nederst på tekstilet ligger tre nagleformer. De ligger ved korsformens fot.» …..osv.

Klikk for stort bilde
Lilla messehakel – framside
XP: «Kristusmonogrammet står sentralt i kirkekunsten, og har som symbol historisk berettigelse i å bli anvendt, som Alfa og Omega i de hvite tekstilene.

Fisk: Fisken er et symbol på forfølgelse hentet fra oldtiden. Det ble brukt til oppmuntring i en tid med forfølgelse. ( I dag er symbolet stadig i bruk bl.a. bak på biler, der en slik gir til kjenne en Kristustro.) I det greske ordet FISK skjuler det seg en hemmelig meddelelse; Jesus Kristus Verdens Frelser. Jeg føyer det inn under monogrammet som en forsterkning av budskapet.»

Klikk for stort bilde
Lilla stola
«Ser vi tekstilets to hengende stoffremser satt sammen, ser vi at formene i sølv gir oss mandelformen, symbolet hvor Kristus ofte har sin sentrale plassering. I kirkekunsten kan mandelformen også være en ramme for Jomfru Maria.

Venstre del/side: Lysformer, torner og blodsdråper. Same fargesetting og tekstilvalg som i messehakelen.

Høyre del/side: Lysform og nagler. Samme fargesetting og tekstilvalg som i messehakelen.»

Klikk for stort bilde
Lilla lesepultklede
«Lesepultkledet samler form- og symbolelementer fra messehakel og stola.

Nye symbol er:

Den åpne bok: Kledet henger på lesepultens forkant. Det er frå Ordet, Bibelen, fortellingen om Lys, Ånd og Treenighet, og om lidelse, forsoning og oppstandelse. Fra det levende ordet, fra det minste frø/kime, vokser troen. Troen som er lys i mørke, og troen som sprenger dødskreftene sin makt.

Boken gjengis i en forsiktig lys blå farge, det himmelske lys…., og er omkranset av gyldne reflekser som i ilden.

Lampen: Lampen som symbol på det å være beredt, er et kjent symbol. Jeg bruker to meget enkle og stiliserte former til å omkranse/verne lyset som brenner. Formen er beslektet med åpningen i tornekronen og stolaens ytre form, mandelformen».

Bilete til høgre viser tidlegare sokneprest Ottar Nevstad og meg (utvalsleiar Evy Aston Eikrem) som viser fram dei lilla kyrkjetekstilane til Sunnmørsposten v/fotograf/journalist Frode Kleiveland.

  DEI GRØNE TEKSTILANE, messehakel, stola og lesepultklede:
Dei grøne tekstilane messehakel, stola og lesepultklede, vart tatt i bruk i Skodje kyrkje første gong den 17.mai 2007. Grønt er på ein måte den «nøytrale» fargen i kyrkjeåret. Den vert brukt i openberringstida og treeinigheitstida, dvs. tida etter pinse. Grønt er fargen for vekst i kyrkjeåret, og grønt vert i fargespråket rekna for håpet sin farge.

Om val av symbol og formgjeving skriv Olav Ryan i september 2006:

«Jeg har festet meg ved Kirkemøtets fremhevelse av vekst som et bærende element i designet av de grønne kirketekstilene. For meg faller det naturlig å tenke på livets tre, på blader og linjeføringer tilknyttet plateriket, og som tidligere: til bølger i vann og duens vingeslag. Tidlig bestemte jeg meg for å bruke den likesidede trekant, ifølge kristen oppfatning symbol på treenigheten.

Korn/aks refererer til, i nattverdssammenheng, Jesu legeme og sammen med druer (i hjerteform) og vinplantens blader, til Jesu blod. Jeg forsøker også å bruke såkornet med spire som symbol på Jesus, såkornet som skal i jorden og dø, for så å gjenoppstå.

Den oppslåtte Bibel brukes til lesepultkledet, som et fastholdende element i alle kirkeårets farger, med betoning av Ordets forkynnelse som bærende for den kristne tro.

På messehakelens forside bruker jeg Jesugrammet IHS, ut i fra en bysantisk oldkirkelig tradisjon.»

Klikk for stort bilde
Grøn messehakel – bakstykke
Eg gjengir ikkje alt som Ryan skriv, men henter som sagt ut enkelte avsnitt. Han gir uttrykk for at når det gjeld den grøne messehakelen, så har han eit ynskje om at bakstykket skal gi ei forståing av at vokster skal følgje den kristne trua. Han tenkjer difor på eit tre, på planter som skal strekkje og utfalde seg i lyset. Eg siterer vidare:

«Bruken av aks henspeiler på Jesus som livets brød. Aksene presses sammen fra de fire verdenshjørner og danner treenighetssymbolet. Et av aksene som ikke søker midtpunktet, vender seg ned mot tekstilets fot. Det er kornet som skal falle til jorden og dø. Helt nederst fremkommer kornet som sprekker, og den nye spire til nytt liv: oppstandelsen.»

Ryan skriver deretter eit lengre avsnitt om sine tanker om fargesettinga, men her vel eg å vise til biletet av den ferdige grøne messehakelen.

Klikk for stort bilde
Grøn messehakel – framstykket
«Symbolet IHS settes inn i plaggets akse, en stolpe i samme grønn-røde farge som ”søylene” på bakstykket. Bladformene er i slekt med bakstykkets tre-planteformer. Det fremkommer formfelt, ”huller”, som vil fargesettes, som om det var glimt av lys vi ser. ”Vann” nederst og blader øverst.»
Klikk for stort bilde
Grøn stola
«Stolaen har et likebenet nakkekors. De to kryssende aksene står vinkelrett på hverandre, og danner et møte mellom det guddommelige og det jordiske.

På venstre side av stolaen, har vi en sammensmeltning av trekanten og evighetssymbolet ringen, her som treenigheten.

På høyre side. Ligger vinrankens blad i trekantens form. Vindruene har hjerteform.»

Eg kan føye til: Vi veit at i kirkekunsten blir ein klase med vindruer brukt som eit symbol på Jesu blod. Når klasen er hjerteforma, skal den minne oss på at Jesus elska oss så høgt at han gav sitt liv og blod for oss. Kjelde: Boka «Kristne symboler» av Ragnar Skottene.

Klikk for stort bilde
Grønt lesepultklede
«Her forkynnes nattverden ut av Boken.

Aks og druer, legeme og blod. Men det er også fylt av en sildring av liv og lys. Noen av linjene peker oppover, men noen svinger også ned. Kornet strekker seg etter lys. I den nedre del av tekstilet, finner vi det nedbøyde kornaks. Fargesettingen i nederste del av tekstilet, peker også på vannet som gir liv, og på dåpen som ”utsletter” det gamle livet.»

Det kan vere kjekt å nemne at både tegningane og stoffa som skulle bruakst, vart lagt fram på «Draktdagen» i Tromsø den 13.september 2006. Rådgjevar i saker som gjeld liturgiske drakter og kyrkjetekstilar for Kyrkjerådet Turid Lundby var til stades, fortel Olav Ryan. Det gledde både han, veverske og syerske, at T.L. uttrykte seg svært positivt til planane for dei grøne tekstilane våre, og ho rosa også bileta av dei ferdige kvite og lilla kyrkjetekstilane våre.

  DEI RAUDE TEKSTILANE, messehakel, stola og lesepultklede
Dei raude tekstilane messehakel, stola og lesepultklede, vart første gong brukt i Skodje kyrkje 1.juledag 2008. Den raude fargen vert brukt 2. juledag, pinseaftan, 1. og 2. pinsedag, 6. søndag etter pinse, Olsok 29. juli og ved ordinasjon/vigsling samt ved kyrkjevigsler og kyrkjejubileum.
Klikk for stort bilde
Raud messehakel – bakside
Ryan siterer frå boken «Kristne symboler» av J. Ursin:

« Symbolet Den omvendte Y viser Gud som med sine faderarmer helt fra begynnelsen strekker seg ned mot jorden og den falne menneskeslekt. Vi elsker fordi Han elsket oss først (Joh. 4.19). Frelsen senker seg ned ovenfra, og vil bre seg ut mellom oss.»

Den opprettstående Y: «…viser menneskesjelen, som fra de tidligste tider hungret og tørstet etter syndens forlatelse, frelse og fred. Det er de utbredte armer, som må ha hjelp, og som venter sin hjelp ovenfra. Guds kjærlighet og menneskets lengsel møtes (i Kristi fødsel).

Settes de to bostavsymboler sammen, ser vi en sammensmeltning som vist i et X med en gjennomgående I –stolpe» (sitat slutt)

Ryan forklarer videre: «Kristogrammet står i sentrum av en gjennomlyst madorla (mandel) form. Dette er en spesiell form for glorie, som i kirkehistorien ofte ble brukt for å fremheve Kristus i avbildninger: Han er det egentlige store lyset. Mandelformen blir i kirkekunsten også brukt som ramme for Jomfru Maria.

Oppstandelseskorset: I den røde messehakelens ryggstykke, i de spisse og buede formene, vil jeg gjerne at det skal skapes assosiasjoner til LYS. Ikke til ånd, som i det hvite settet, til tornekronen som i det lilla, eller til livets tre, som i de grønne tekstilene. Rødt er bl.a. kirkens festplagg, og jeg finner det naturlig å la lyset ”skinne”, så det ikke er noen tvil tilbake om at lyset favner og gir glede. LYSET som er Kristus, stråler ut til alle verdens hjørner.

Søylen som går frå tekstilets bunn til topp, har i denne utgaven også en dobbel utvidelse, en omkring kristusmonogrammet, og en ved tekstilets øvre kant. Det er som en kilde av vann som åpner seg oppover. Noen få blå fargefelt vil understreke denne assosiasjonen. Ved stolpen/korsets fot vil jeg ha en liten blodsdråpe, et minne om at gledens forutsetning i denne sammenheng, er lidelse og forsoning. På noen små felter, i ”bryst”, ”hode” og ”hender”, vil jeg også innfelle røde felt med same henvisning til lidelseshistorien og den kristne kirkes bekjennelse.»

Klikk for stort bilde
Raud messehakel - framside
Ryan skriv videre: «Fremsiden forkynner budskapet om den treenige Gud. Tre lys flettes sammen i ett. Lysets rot er i en hjerteform. Hjertet er symbol på Guds kjærlighet til mennesket.»
Klikk for stort bilde
Raud stola
«Venstre side av stolaen har tre hovedelement i sin oppbygning: Vinbladet med henvisning til treenigheten, druene viser til nattverden, Jesu blod, og nederst til dåpens bad.

Høyre side av stolaen, viser duen, som i Det gamle Testamentet, er symbolet på budbringeren og nytt håp, og i Det nye testamentet, er tegnet for Helligånden. I duens nebb holdes et oblat, altså ikke oljegrenen. Som klangbunn er ilden og vannet.»

Klikk for stort bilde
Raudt lesepultklede
«En gjennomgående linjeføring ovenfra og ned, symboliserer sammenhengen mellom himmel og jord. Jordlinjen brytes av vannet, et sammensatt symbol for vannet som gir liv (dåpen), og vannet som livgivende: Livets vann.

Tekstilet har også en tversgående linje for jordens hvelving, og ovenfor en bue med lys: det livgivende lys.

Den oppslåtte bok viser til Bibelens budskap. I dens midte, åpner det seg et frø i hjerteform: troen som skal vokse i kjærlighet. Over dette senker det seg en dueskikkelse. Det er åndens gave: budskapet og forklaringen om hvem Jesus er.»

Klikk for stort bilde
Flaks eller «styrelse»?
Dei gamle frynsene på preikestolen og kneleskammelen var laga av metalltrådar. Metallfrynser vert ikkje produsert lenger. 8 forskjellige stader i inn- og utland vart kontakta av oss i kyrkjetekstilutvalet, for å prøve å finne noko som var brukande. Frynsene vi til slutt valde, vart produserte på bestilling. Underteikna målte opp lengda med frynser på preikestolen, men ingen av oss tre som var i kyrkja den dagen, la merke til at det var frynser på kneleskammelen ved alteret.

Eg la heldigvis til 1 m for å ha litt ekstra. Eg må tilstå at eg vart noko uroa då eg nokre veker seinare oppdaga kneleskammelen. Det var ikkje nokon lett jobb Stina Lillevik fekk då ho skulle sy fast frynsene, med ei krumma salmakernål til eit tjukt og ustødig fløyelsstoff. Stoffkanten var dessutan ujamn. Men det meistra ho godt. Først vart faks og pynteband sydd saman. Deretter vart bandet nåla tett fast til fløyelsstoffet før syinga kunne ta til. Gleda og forundringa vart stor då vi såg at det vart akkurat nok pynteband. Stina klipte ikkje vekk ein einaste cm! Hadde bandet vore 2 cm kortare, hadde vi fått for lite. Flaks eller «styrelse»? Du får tru det du vil ?.

Klikk for stort bilde
Kyrkjeåret og dei liturgiske fargane
Det kan kanskje vere interessant for mange å få ei innsikt i dei liturgiske fargane, og kva tid på året dei kvite, grøne, raude og lilla fargane vert brukt. Vi tek difor med ein sirkel der dette er illustrert. Diverre er den ikkje på nynorsk.)

Arbeidet i utvalet:

Dei første åra arbeidde utvalet ikkje berre for kyrkjetekstilar, men også for innvendig oppussing av kyrkja. Medlemmane i oppussing- og kyrkjetekstilutvalet i 2000 var Anne-Lise Aure Lécot, Randi Oksavik Oltedal og underteikna, Evy Aston Eikrem. Kyrkjeverje Geir Lorentzen har vore ein aktiv støttespelar frå han kom til kyrkjekontoret, og han tok del på fleire møter i utvalet. Frå nyttår 2001 gjekk Randi ut av utvalet, og Kåre Beite kom inn. Den 1. februar 2002 vart utvalet delt opp med eige uval for oppussing av kyrkja. Einy Midsund kom inn i kyrkjetekstilutvalet og Kåre Beite gjekk ut. Men Einy flytta, og Leif Sæther kom inn i 2004. I 2006 gjekk Leif ut, og Randi Øie kom inn. Underteikna (Evy) har vore leiar alle desse åra, og Anne-Lise Aure Lécot har også vore med alle åra.

Grunnstoffet til tekstilane, fargar og garnkvalitet er valt ut nært i samarbeid med oss i utvalet og veverska Lisbeth Bunes Johannessen. Ryan heldt god kontakt med alle parter. Utvalsleiaren var fleire gonger til Rauma etter garnhesper, for å finne dei rette kombinasjonane av farger. Vi fekk fleire mindre veveprøver frå Tromsø, som enkelte gonger måtte justerast vidare til nye veveprøver. Særleg den grøne fargen gav mykje arbeid. Fargeutvalet på dei aktuelle garnkarta frå fabrikkane til heimeveving er svært avgrensa, så fargen på grunnstoffet måtte justerast ved bindingsmønsteret og ved fleire eller mindre innslag av dei tre-fire aktuelle garntypane som vart brukt. Samtidig måtte tjukna på stoffet også takast omsyn til. Veverska hadde heldigvis lang røynsle i faget.

Botnstoffa til tekstilane er vevd på ei renning av bomullsgarn, og innslaga er av silketrådar, lingarn og ullgarn. Applikasjonane er av silkestoff og litt kunstsilke. Syarbeidet og applikeringa som Ingrid Birkelund gjorde, kan umulig utførast betre.

For enkelte av tekstilane har Ryan levert fleire forslag til oss, som vi kunne velje mellom. Han har deretter arbeidd vidare med det forslaget vi likte best.

Utvalet har også for kvart sett kyrkjetekstilar, fått tilsendt frå Olav Ryan, ein omfattande palett av små stoffprøver i silke og kunststoff. Stoff som ev. skulle brukast til applikasjonane på tekstilane. Vi sette oss på kyrkjebenkane og fjerna dei fargane som ikkje passa inn i kyrkjerommet, slik at Ryan då fritt kunne velje mellom dei fargane som stod att når han skulle fargesette applikasjonane (mønsteret) på tekstilane. Dette fann han nødvendig fordi han bur i Danmark. Det har vore spanande å vere så direkte involvert i arbeidet, og det er sikkert nokså uvanleg at ein kunstnar opnar opp for eit så godt samarbeid. Dei fleste ville berre ha «køyrt på» etter sitt eige hovud. Utvalsleiaren har hatt stor glede av å stå for ein omfattande e-post- og litt telefonkontakt med Ryan, frå år 2000 til dags dato. Ryan har vist seg som ein usedvanleg hyggelig kar, totalt utan «kunstarnykker».

Kyrkjeverje Geir Lorentzen har hatt hand om økonomien i prosjektet, tatt imot alle giroane som kom frå innsamlingsaksjonane, og han har ordna med nødvendige kontraktar og utbetalingar.

Kvar gong forslaga til dei nye tekstilane var ferdig utarbeidde frå Olav Ryan med teikningar, stoffprøver og detaljbeskrivingar, gjekk godkjenningsprosessen vidare tenestevegen gjennom sokneråd til prest, prost, og til slutt Biskopen i Møre for endeleg avgjerd.

Vi vil rette ei stor takk til alle som har støtta kyrkjetekstilarbeidet økonomisk i åra frå 1998 t.o.m. 2000! Utan desse gåvene hadde vi ikkje fått nye kyrkjetekstilar til Skodje kyrkje.

Klikk for stort bilde
Altertavla i Skodje kyrkje
Altertavla i kyrkja vår vart restaurert i 2007. Kjell Arne Aarseth utførte den omfattande restaureringa av maleriet. Fargane var krakkellert og forvitra. Kyrkjelyden er veldig godt fornøgde med restaureringsarbeidet.

Bilde med høg oppløysing i tif-format
 
Bunntekst EvyogArnold.no
  © EvyogArnold.no
Sidene er sist oppdatert:  17. 12. 2018
Epost til webansvarlig