Om oss

 Diverse salg

 Huset vårt

 Hunden vår

 Turmulegheiter

 Hobbyar Arnold

 Hobbyar Evy

 Kyrkjetekstilar Skodje

 Kart

 Lenker

 Kontakt oss

EvyOgArnold
Hunden vår
Hunden vi har no er vår tredje. Vi har berre hatt tisper.

Først hadde vi ein Golden Retriever, den mest godslege som tenkjast kan. Så hadde vi ein standard langhåra dachs, også koselig, men ikkje så utadvendt.

Trixie er meir einmannshund enn våre tidlegare, og også den mest kosete.
Klikk for stort bilde
Trixie borte
Trixie døde 27. februar 2010 pga hjernesvulst. Verdens beste hund er borte, og ingen kan erstatte den. 2 måneder etter ville ho blitt 9 år. Dette var 3. gongen krefta viste seg, men denne gongen var det ingen ting vi kunne gjere.
Klikk for stort bilde
Katten Monk
Sommaren 2007 har Trixie hatt selskap av katten Monk, som er kjeledyret til Ingrid Emma. Det er ikkje alltid like greitt å vere katt, for Trixie ser ikkje på han som ein ven. Stort sett får han vere i fred, men dersom matskåla er i fara, er ho raskt på pletten og jagar han bort.

Monk har gjort ein god jobb med å rydde hagen for mus. Stadig kan vi observere at han har fanga ei stakkars mus.
Klikk for stort bilde
No må det skje noko
Sjølv om det var veldig varmt å vere hund søndag 3. juni, var aktivitetslysta på topp.
Klikk for stort bilde
Dykker
Ingen kan dukke så lenge som Trixie. Korleis ho kan lukte under vatn er ei gåte, men droppar eg ein stein på grynt vatn, finn ho den.
Klikk for stort bilde
Klabbeføre
Pelsen til Trixie er som ein magnet på snøen når temperaturen er berre få grader under 0.
Klikk for stort bilde
Trixie ved Fyllingsvatnet
Trixie er ei fin, lita dame, Engelsk Cocker Spaniel, 6 år gammal i april 2007. Ho elskar turar, og hoppar gjerne i vatnet
 
Bunntekst EvyogArnold.no
  © EvyogArnold.no
Sidene er sist oppdatert:  17. 12. 2018
Epost til webansvarlig