Om oss

 Diverse salg

 Huset vårt

 Hunden vår

 Turmulegheiter

 Hobbyar Arnold

 Hobbyar Evy

 Kyrkjetekstilar Skodje

 Kart

 Lenker

 Kontakt oss

EvyOgArnold
Arnold sine hobbyar
Eg har fleire hobbyar, mest av det praktiske slaget. Det er elles mange ting eg likar å holde på med, men her er tatt med det som tel mest.
Klikk for stort bilde
Ikkje lenger bilen min
I november kommanderte madammen meg til å skifte bil !!. På nyåret måtte den erverdige Volvoen, som har vore min trufaste transportør gjennom mange år på markedet etter ny eigar. Maken til slåssing om ein bruktbil har eg aldri opplevd. Ein Polo frå 2004 gjer no nytten, men ikkje den same nytten :) Det kan i alle fall aldri bli den same hobbyen.
Klikk for stort bilde
Nytt kamera
Endeleg er det her - mars 2008. Eit kjempegodt speilreflekskamera - Nikon D300, som evnar dei vanskelegaste forhold på ein kjempegod måte.

Det er kanskje behov for ein telezoom og eit stativ og litt anna småtteri etter kvart, men dette er kjempeflott utstyr.


Baksida

Klikk for stort bilde
Eit bra objektiv
Nikon sitt lyssterke zoomobjektiv passar godt til D300.
Klikk for stort bilde
Blomstring i hagen
Eit nærbilde av ein liljeblomst, som fanst i hagen der Evy voks opp, og som vi også har hos oss. Den blenkjer fint i motlyset frå den lave kveldssola.

Bildet er teke den 3.6.2007 med Canon Powershot G5. Formatet var RAW, og bildet vart konvertert til jpg, men elles ikkje bearbeidd på nokon måte. Blendar var 3.0 og lukkartida 1/400 sec. Den store blendaren gjer bakgrunnen uskarp, og framhevar blomsten.
Klikk for stort bilde
Fotografering
Fotografering er kjempekjekt. Eg tek bilde av familien sjølvsagt, kjeledyr, natur, nærbilde, hendingar knytt til jobb, osv.

Klikk for stort bilde
Kameraet mitt
Fotoapparatet er eit Canon Powershot G5 frå ca 2003. Til kameraet har eg ein teleforsats 2x og eit enkelt og billeg Hama Gamma fotostativ. Eit betre stativ står på ønskjelista.

Kameraet er kjempegodt, men ei ulempe er at autofokusen er for treg til å henge med på fartsfylte motiv. Det kjem også til kort under krevande lysforhold. Eit speilreflekskamera står derfor også på ønskjelista.
Klikk for stort bilde
Videokameraet mitt
Det er også artig å filme. Videokameraet mitt er ein Canon MV30i, utstyrt med vidvinkelforsats og eit enkelt videolys.

Det kjekkaste med video er kanskje redigeringa etterpå. I 2006 investerte eg i Avid Liquid 7, og det håpar eg å lære å bruke å ein bra måte.
Klikk for stort bilde
Bilen min - ein Volvo 245
Den som har gammal bil, får skrue ein del sjølv. Kanskje det heller er slik, at eg har gammal bil for å få høve til å skrue. I alle fall har eg endevendt denne bilen, for den hadde det stridt før den kom til oss. Rustsveisa rundt heile er den, og heillakkert. Ekstra isolasjon er lagt inn i golvet, dørene og langs sidene elles.

Bilen er ein GL-utgave frå 1985, den einaste utgava av 240 med same panser som 260-serien.
 
Bunntekst EvyogArnold.no
  © EvyogArnold.no
Sidene er sist oppdatert:  17. 12. 2018
Epost til webansvarlig